Transport til Ørsta-Volda Lufthamn

Det er ingen hemmelegheit at Ørsta og Volda ikkje har det breiaste tilbodet når det kjem til kollektiv transport. Heldigvis er ikkje avstandande i bygdene større ein at beina kan brukast – men dersom ein skal ta fly frå Hovden kan det vere lurt å sjekke opp ulike transportmiddel.

Buss
Som student med eit stramt budsjett er nok buss å føretrekke for dei fleste. Frå Volda sentrum tek turen snaue ti minutt, og prisen er 25 kroner. Oversikt over rutetidene finn ein hos Fram, og haldeplassen ved flyplassen heiter Hovdebakken. Frå denne haldeplassen tek det om lag åtte minutt å gå til flyplassen.

Taxi
Dersom ein derimot vil bli køyrd til døra, kan taxi vere eit betre alternativ. Dette tek om lag fem minutt, og kostar rundt hundre kroner.

Både Ørsta og Volda har eigne taxisentralar, og ein kan ringe følgande nummer for bestilling:

Ørsta Taxi – 70 06 70 00
Volda Taxi – 70 07 89 00

Skjermbilde 2016-02-21 kl. 23.10.45
Reiserute til lufthamna.

Til heimreisa kan det vere lurt å merke seg at det går lokalbuss forbi haldeplassen kvar halvtime på dagtid, og kvar time frå klokka 17.30

Kjelde:
https://avinor.no/flyplass/orstavolda/