Korleis handtere Fronter

Som student hjå Høgskulen i Volda er det viktig å halde seg oppdatert på innleveringsfristar og arbeidskrav.

I løpet av studietida di kjem du til å måtte forhalde deg til fleire fag, og førelesarar, samt arbeid du får av desse. Heldigvis samlar høgskulen alt dette på læringsplattforma Fronter. Her kan du finne oversikt over klassa di, nyttige lenker til fagstoff og innleveringsmapper. Det lønnar seg å følgje med på Fronter, for du vil vel ikkje sitte ein søndagskveld og arbeide med oppgåver fordi du ikkje har visst om desse før no?

 

Korleis finne Fronter?

 

Vegen til Fronter kan vere litt uoversiktlig. På nettsida til Høgskulen i Volda finn du ei lenkje i «For studentar» under «Studentverkty», dette kan fort verte litt tungvint. Eg rådar deg til å lage eit bokmerke på nettsida fronter.com/hivolda, då kjem du direkte til Feide-portalen, der loggar du på med studentbrukarnamnet ditt og passord.

 

Kva skal du sjå etter?

 

Når du opnar Fronter for første gang vil du sjå oversikta over siste nyhende, nye lenkjer, dokument, og oppgåver. Du vil og sjå ein varselikon øvst til høgre. Noko av det første du bør gjere når du opnar Fronter for første gong er å trykke deg inn på «Rom» og «Vis romliste» heilt oppe i venstre hjørne.

fronter1

Foto: Skjermdump, Fronter.com/hivolda

 

Her finn du alle roma du har tilgang til, når du vel eit rom vil du få opp ei ny fane, desse kan du feste ved hjelp av teiknestift-teiknet for å behalde dei så lenge du treng.

Eg ønskjer deg lukke til i studiekvardagen! Har du spørsmål ang. Fronter kan du kontakte oss på mail: fronterfronterheiheihei@hivolda.no