Studentmiddagen

Middag er eit viktig måltid, og kanskje nummer to etter frukosten av dei viktigaste måltida for ein bør få i seg i løpet av ein dag. Spesielt viktig er det for ungdom å få i seg næringsrik mat, men er studentane flinke til å ete middag?

Spørsmålet om kva ein skal ha til middag er noko mange stillar seg kvar dag, og kanskje spesielt studentane. Nokon har kanskje planlagd ein veke-meny og andre tar det litt på sparket for kvar dag som går. Fleire og fleire er opptatt av å ete sunt, men dette blir kanskje lagt litt på hylla etter nokre månadar. Naledi Forbord (21) har fast meny på torsdagane, kor ho et komler i kantina. Ho er glad i å lage mat og er ein av dei som likar å lage stor porsjon som fungerar som restemat dagane etterpå. Å ete sunt er også viktig fortel Forbord.

Naledi har fast middag kvar torsdag, for då er det komle-torsdag. Denne middagen kjøpar ho i kantina.

FAST TORSDAGSMENY: Naledi har fast middag kvar torsdag, for då er det komle-torsdag. Denne middagen kjøpar ho i kantina. Foto: Mariell Midtbø Bøyum

–Eg er opptatt av å ete sunt og synast det er viktig, men eg skal innrømme eg er dårlig på det.
Ho innrømmar at av og til tyr ho til ferdigpizza, men sushi er ein av favoritt matrettane hennar.
–Det går veldig mykje i salat som eigentleg er ved siden av, men så blir det hovudretten i blant.
Men det går og veldig mykje i pasta, ris og sushi som eg er veldig glad i! Ei anna jente som også er opptatt av å vere sunn er Emilie Løwe Solberg (21). Å handle inn for heile veka er vanleg for Solberg, og ho har blitt inspirert til å ha kjøttfri mandag.
–Det å ha kjøttfri mandag har jo blitt ein trend, så eg har blitt blant anna inspirert av ei i klassen til å prøve det.

Emilie har diska opp med kyllingfilet, søtpotetbåtar og aspargesbønner. Sunt og godt smilar ho.

SUNN JENTE: Emilie har diska opp med kyllingfilet, søtpotetbåtar og aspargesbønner. Sunt og godt smilar ho. Foto: Mariell Midtbø Bøyum

Ho er eigentleg ikkje så veldig glad i sterk mat, men ho er veldig glad i å krydre maten. Krydderhylla er i alle fall på plass heime på kjøkkenet til Solberg.
–Eg er ikkje så veldig glad i sterk mat, då blir ein lett varm og dårleg, men litt er godt.

Her kan du prøve ut Emilie sitt middagstips som er kylling, søtpotetbåtar og aspargesbønner.

MIDDAGSTIPS: Her kan du prøve ut Emilie sitt middagstips som er kylling, søtpotetbåtar og aspargesbønner. Illustrasjon: Mariell Midtbø Bøyum

 

Sjå filmen om Studentmiddagen kor Naledi og Emilie fortel korleis sine middagsvaner er.