Overgangen frå musikkelev til PR-student

Eg søkte på bachelorgradsstudiet PR, kommunikasjon og media våren 2014 og gjekk frå å vere musikkelev i kulturbygda Sandande til PR-student i skulebygda Volda. Det var stor overgang med tanke på studie, liten overgang med tanke på bygdelivet. Her i Volda har eg vorte utfordra på å vere heiltidsstudent på stramt budsjett og å studere noko eg ikkje har vore borte i før. PR-faget er innanfor mange fagfelt, og det er dette som gjer studiet interessant og givande. Vi har fått inn både journalistikk, forståing av samfunnsøkonomi og kommunikasjonsteori. Med tanke på jobbmogelegheiter, er eg svært positiv over å ha vald å studere her i Volda.

 

Volda som ei herleg og kulturell bygd har bydd på gode minner frå dag ein, og eg skjønar godt kvifor det blir omtalt som Noregs beste studiebygd. Med litt i underkant av 4000 studentar, 350 tilsette og eit herleg studenthus å slappe av på fredagskvelden blir vekene innhaldsrike samtidig som dei blir lærerike. I Volda er det alltid noko som skjer og ein har alltid mogelegheiter til nettverksbygging på studenthuset Rokken med pressepub, arrangement i samband med kommunikasjonsforeininga og mykje meir!

 

http://www.jordbruk.info/volda/student.htm

Campus – Berte Kanutte. Foto: HVO

 

Alle studentar kan starte radioprogram! Eg, ei jente med ingen form for erfaring i radio, starta mitt eige radioprogram saman med nokre klassevenar. Studentradioen er eit flott tilbod som utfordrar kvar og ein på alle måtar. Her får ein lært seg teknisk i form av Iyd og å høyre si eiga stemme på opptak samt å planlegge ein time sending kvar veke. Radioen har gjort meg meir sjølvsikker på mi eiga stemme, og det er utruleg kjekt å halde på ved sida av studie. I Volda kan du også melde deg som frivillig arbeidar på Studenthuset Rokken og få gratis inngang på konsertar og andre goder. Dette har nemleg eg gjort, og får stadig mogelegheit til å bli kjent med andre studentar utanom min komfortable vennekrets.

 

Kort fortald er Høgskulen i Volda og Volda i seg sjølv ein god plass å fokusere på både studie samtidig som du har det kjekt på sida. Eg har ikkje angra eitt sekund på at eg søkte, og la musikken på pause-hylla heime i vakre Sogn. Her skal eg studere fram til 2017 og gler meg til kva PR-faget, praksis, utveksling og Søre Sunnmøre har å by på vidare!