Få en betre studentøkonomi

Det ryktast at Volda er ein billig stad å studere, men man høyrer stadig vekk studentar som syt over økonomien, til og med i Volda. Med 6674 kroner i månaden er det ikkje alltid like lett å ha pengar til overs. Det oppstår uforutsette utgifter også her, i samband med sjukdom, skader, skattesmeller og skyhøge rekningar. Stipendet skal dekkje over mykje: husleige, strøm, internett, og gjerne både tv og mobil. Og ikkje minst mat, gjerne litt klede og nokon få kroner til sosiale hendingar. Vi har sett litt på korleis man kan utnytte desse kronene på best mogleg vi.

 

 

 

 

Her kjem How to make it in Volda:

  1. Søk maks stipend og lån, antan du treng det eller ikkje. Dersom du mot formodning ikkje skulle klare å bruke opp stipende, eller ikkje har bruk for det så tar det seg godt ut på en sparekonto.
  2. Søk legater og stipend – ikkje kun for smartinger som du ser på amerikanske filmer. Det finnest legater og stipend for det mest utrolige, og ett av desse kan bli ditt!
  3. Opprett BSU – her er det skatterpenger å spare. Og dersom du skulle angre deg, så går det helt fint å ta ut de pengene du har spart opp hittil i år. True story.
  4. Finn gratis innbo og møblar på nett, eller kjøp brukt, brukthandelen i ørsta. Virker «gratis» for godt til å vere sant? Ikkje i dette tilfellet! Saumfar Finn.no eller ta en tur innom brukthandelen i Ørsta. Retro er inn!
  5. Lag eit månadsbudsjett – yeah right…
  6. Bruk studentkortet aktivt – her er kanskje ikkje så mange plasser i Volda hvor de har studentrabbatter, men du får det når du skal ut å reise: buss og flyselskap har gode studentrabbatter, i tillegg til frisører rundt omkring i området.
  7. Spar pengar på mat – saumfar reklamen frå en av dine ti lokale matbutikker (er det noke det er overflod av i Volda, så er det daglivarebutikker) og det er ofte gode tilbod. First Price har og ”kopier” av mat, løp og kjøp!
  8. Spar pengar på trening – Volda har ein flott natur, bruk den! Det er gratis. Dersom du likar deg best innandørs, so kostar det mykje mindre å trene ved VSI enn på treningssentera.
  9. Spar pengar på strøm – dersom du ikkje har inkludert straum i husleiga kan dette være ein post på budsjettet som dreg veldig mykje pengar. Men det finst måtar og spare også her. Vatn og oppvarming av dette er veldig dyrt. So ta å dusj på treningssenteret eller på idrettbygget etter trening. Ein annen måte å spare pengar på er å skru ned varmen, slå av lys ovs. Dersom du frys forbrenn du meir fett
  10. Spar pengar på pensumbøker – treng du verkeleg å kjøpe deg bøker for godt over 3000 kroner ved kvar semesterstart? Nei! Biblioteket låner ut dei aller fleste bøkene på pensumlista, så er du tidleg ute kan du vere heldig å sikre deg eine utgåva.
  11. Er økonomien virkeleg skakk-kjørt: Skaff deg ein jobb, evnt finn en sugar daddy med fin lønning.
  12. Ta kun med kontantar og ikkje kort på byen, da er det ikkje fare for å plutselig bruke for mykje pengar når man er ute. I tillegg er det lurt å arranger vorspiel, da man i tillegg til alt rotet sitter igjen med panten frå alle flaskene.
  13. Bruk skolen som kino. Kino blir fort en dyr affere, med billetter og snacks. Men skulen har både prosjektorer og sitteplasser til heile vennegjengen. Saml derfor ein gjeng, og stikk på skolen for å sjå film. Vi oppfordrar sjølvsagt ikkje til ulovlig nedlasting av filmar, men vi har hørt rykter om at det også går…
  14. Smør matpakke i stedet for å kjøpe lunsj i skolekantina. Og ta med pulverkaffe i staden for å kjøpe kaffe i kantina, og plutselig har du spart masse gryn.
  15. Bli medlem og frivillig på Rokken, her er det masse penger å spare på biletter til konserter og inngang. Dersom du ikkje har tid eller moglegheit til dette kan det vere lurt å delta på onsdagskvissen som gir deg moglegheit til å vinne gratis billettar til konsertar.
  16. Er du så heldig at du har venner som er glad i å lage mat, så sleng deg saman med desse. Ver gjerne vert/vertinne, so sitter du og igjen med ein fin restemiddag til dagen etter.
  17. Helsestasjonen deler gratis kondomer, i tillegg til at man kan få igjen penger på behandlinger med lege, tannlege og kiropraktor. Vi elsker gratis!
  18. Sist men ikkje minst husk: du blir ikkje full på grandiosa men du blir mett på øl

Deler av saka er henta fra VG