Informasjonskonsulent med stor fart

Tonje Øyehaug Ruud
Født 1970         
Uteksaminert i 2002
Jobber som informasjonskonsulent, Ulstein Verft

Skrevet av: Veronica K. Pilskog

Hektiske dagar, vernesko og vernehjelm er heilt greitt for Tonje Øyehaug Ruud (41).

Til kommunikasjonsavdelinga kjem Tonje Øyehaug Ruud (41) springande til det avtalte intervjuet. Ho pesar ikkje, så ein merkar at ho har gjort dette før. Ulsteinvikaren er no inne i sitt sjuande år som informasjonskonsulent ved Ulstein verft, og ho trivst framleis svært godt , sjølv etter all springinga.

 – Arbeidsdagen min kan aldri planleggast. Sjølv om eg prøvar, er det alltid noko som dukkar opp og kjem i vegen. Slik som i dag måtte eg springe frå dei planlagde arbeidsoppgåvene for å ta eit par bilete å skrive pressemelding om den nye produksjonsdirektøren ved verftet, fortel Tonje.

 Den nåverande informasjonskonsulenten har ei lang erfaring bak seg. Før ho starta på kommunikasjonsstudiet ved Høgskulen i Volda jobba ho i heile sju år som miljøvernkonsulent i ulike kommunar. 

 – I jobben som miljøvernkonsulent såg eg at kommunane, som mange andre, hadde behov for å forbetre seg i kommunikasjonsarbeid. Svikt i kommunikasjonen er nemleg noko av det som fører til at kommune og innbyggjar ofte har eit dårleg forhold til kvarandre. Eg fekk difor to års permisjon frå min dåverande arbeidsstad for å vidareutdanne meg, fortel ho.

 Ulsteinvikaren har aldri angra på utdanningsvalet ved Høgskulen i Volda og legg heller ikkje skjul på at ho trivst godt i si nåverande stilling som informasjonskonsulent ved Ulstein Verft. 

 – Ei kommunikasjonsutdanning gir så mykje meir enn for eksempel ei journalistutdanning. Som informasjonsarbeidar blir jobben din  på ein måte definert etter korleis du er som person. Eg likar å skrive så oftast er det eg som får skrivejobbane som å skrive pressemeldingar og produsere internaviser.  Men likevel er det journalistiske berre ein del av informasjonsarbeidet, avsluttar Tonje smilande.